Litt om mitt liv. Eg er 24 år (nettopp fylt! 16.12.2006). Austevolling i eksil i Bergen. Trivs godt med det! Studerar oseanografi ved UiB på 5. året. Ferdig til sommaren. Har akkurat skrive ein oppgåve om fenomenet El Nino.
Dagen i dag blir bra. Pappa kjem til byn og me skal møtast hos farmor på god middag og kaffi (gler meg til den). I kveld blir det Salem-trimmen. Gler meg til det.
Ein viktig hending i mitt liv er at eg for snart 4 år sidan (sundag 2.mars 2004 i 20-tida om kvelden) møtte Jesus og vart kristen. Eg forstod at eg trengte han i livet mitt og i forhold til det evige livet. Tingen er at grunnen til all ondskapen i verda er at me menneske syndar. Me lyger, me tenker først og framt på oss sjølv, me svik kvarandre og gjer vonde ting mot kvarandre og mot Gud. Me gjer heldigvis gode ting og, men det endrar ikkje det faktum at me gjer mykje vondt. Eg opplever vertfall at viss eg målar min omsorg for meg sjølv mot min omsorg for andre, så er eg ganske så sjølvopptatt, og det er heilt fryktelig!
I Bibelen står det at syndens løn er døden (Rom 6,23). Det Gud gjorde var at han ordna det slik at sonen hans (som aldri synda og gjorde noko vondt) døde på eit kors for heile verda sin synd. Dvs at når eg seier ja til Jesus så kan eg koma til himmelen. Jippi!! Tenk ein heil evighet saman med Jesus og Gud og alle andre som seier ja til han!! :D Dette er det desidert viktigaste i livet mitt og eg håpar at så mange som mogleg får augo sine opp for kor fantastisk det er det Jesus gjorde. Det er ikkje vanskeleg å finna meir ut om det! Det er berre å opna Bibelen og lesa f.eks. Markus-evangeliet.
Tingen er: Jo meir oppteken eg blir av Jesus og jo meir glad eg blir i han og lærer meir om han (gjennom bl.a. å lesa i Bibelen) jo mindre blir eg opptatt av meg sjølv og meg meg meg. Det er heilt fantastisk å berre løfta blikket mot himmelen å følgja han og ha han som førebilete. Det finnast verkeleg ingen som er eit betre førebilete enn han.
"For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur." Rom 1,16.
"Her er det ingen skilnad, for alle har synda og manglar Guds herlegdom. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus." Rom 3,23-24.
"Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son." Joh 3,17-18.