Tuesday, October 11, 2011

Kor langt ser ein? Nerdenyheit!



Hei og takk for sist (som ein brukar å sei). Eg er framleis på Ekofisk og det ser ut til at eg skal heim i morgon ( i tilfelle nokon er interessert ;)

Tenkte eg skulle dela ein aldri så liten nerdenyheit! Dvs. det er jo heilt sikkert ein annan nerd som har funne ut av dette før, men likavel...

Kor langt ser ein? Det er det store spørsmålet. Vertfall eit av dei (i tillegg til kvar kjem eg frå? Kvifor er eg til? osv ;) Eg har lurt på dette ein stund og no har eg endelig somla meg til å rekne på det. Har du lurt på det? Når du f.eks. står på riggdekk, 60 m over bakken og ser ein anna rigg i horisonten. Kor langt unna er den? Vel, svaret er ca. 20 km. Eller står på toppen av Ulriken (643 m), då ser ein ca. 64 km. Kan ein då sjå Troll-feltet frå land? Vel, det er 65 km frå land så kanskje.

Følgjande tabell kan dermed memorerast for dei som er sånn passe nerdete av oss:

Høgd over bakken (m) Avstand ein ser (km)

10

8

25

13

50

18

75

22

100

25

200

36

500

56

643

64

1000

80

1586

100

2469

125

8846

226



Viss du er litt på hugget har du kanskje lagt merke til Galdhøgpiggen (2469m), Mount Everest (8848m) og viss du er frå Sykkylven veit du at det høgaste fjellet der heiter Råna (1586m).

Viss du er like nerdete som meg kan du jo spørja: Korleis kan dette reknast ut? Det forblir hemmelig heilt til nokon spør (ein test på om det finst andre som er like nerdete som meg på dette området...:D

0 comments: